Tidlegrøysting i Kinn kommune frå 01. juli

Nye Kinn kommune - Klikk for stort bilete

Veljarar som oppheld seg innanriks og som ikkje kan røyste i perioden for ordinær førehandsrøysting (10. august – 06. september), eller på valtinget (09. september), kan tidlegrøyste frå 01. juli fram til førehandsrøystinga startar den 10. august.

Du kan i denne perioden tidlegrøyste i kva som helst kommune i landet. Røyster til andre kommunar vert vidaresendt til valstyret i din kommune fortløpande.

Tidlegrøysting i Kinn kommune

Lokale for tidlegrøysting i Kinn vert på følgjande stader:

  • Informasjon og service, Markegata 51
  • Måløy Rådhus, Gate 1 120


Det vert mogleg å tidlegrøyste her frå og med måndag 01. juli, i opningstida 09:00 – 15:00. Hugs legitimasjon!

Om valet
Du kan røyste til fylkestingsvalet og kommunevalet – det er ein eigen stemmeseddel til kvart val. I tidlegrøysteperioden kan du røyste ved å nytte ein generell stemmesetel som berre inneheld namn på alle dei registrerte politiske partia.

Det er ikkje alle partia som stillar til val i alle fylke.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 01.07.2019