Torsdag 23.november er det MOT til å glede-dagen

MOT-logo nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete

Med MOT til å glede andre!
Kvart år arrangerast MOT til å glede-dagen den 23.november. Ungdommar og vaksne over heile landet har denne dagen eit felles mål: Spre glede!

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 21.11.2017

MOT til å glede-dagen handlar om å ha MOT til å bry seg om andre. Eit viktig stikkord er: tenk enkelt! Gled bussjåføren, gode vener, naboen, farfar på aldersheimen, læraren, bestemor som sit åleine, klassekameratar, butikktilsette, kollegaer eller borna i barnehagen.

MOT trur at nøkkelen til eit varmare og tryggare samfunn er robuste ungdommar, som inkluderar alle. MOT oppfordrar difor til å ha ekstra fokus på å sørge for at ALLE er inkludert ved å kanskje gå litt utanfor komfortsonen.

Det enklaste er kanskje å glede bestevenninna eller eit familiemedlem, men vi vil oppfordre alle til å tenke litt utanfor boksen under året sin MOT til å glede-dag. Kjenner du nokon som sit åleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gje eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det. Det krev litt ekstra MOT, men glede smittar og verdien til saman blir veldig stor.

Gled nokon du også, og ver med på å gjere dagen til årets varmaste dag!