Trekkfuglane kjem – Mattilsynet treng hjelp av deg for å ta fugleinfluensaprøver

Vi har sagt ja - Klikk for stort bilete

I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Noreg. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at desse fuglane kan bære med seg smitte til. Mattilsynet vil difor intensivere overvakinga av villfugl for tidleg å kunne oppdage når fugleinfluensa kjem til Noreg.

 

Slik melder du frå

Fuglar som er døde av ytre skadar, er avmagra eller råtne er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkje for fugleinfluensa. Men finn du dette bør du kontakte Mattilsynet:

  • Fleire (4-5) sjuke/døde ”andefuglar” i eit avgrensa område i nærleiken av vatn/sjø eller våtmark
  • Mange andre døde fuglar i eitt og same område
  • Død rovfugl på typiske opphaldsstadar for andefuglar


Du melder frå til Mattilsynet sitt distriktskontor på tlf. 22 40 00 00, som i kvart einskild tilfelle vil vurdere behovet for å sende inn fuglen eller fuglane til nærmare undersøkjing. Av omsyn til generell smittefare skal alle unngå å kome i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.


Store konsekvensar for tamme fuglar

Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske. Fugleinfluensaen er dødeleg for både ville og tamme fuglar. Det er difor viktig å sikre at dei ville fuglane ikke kjem i kontakt med tamme fuglar i Noreg.

I tillegg til overvakninga har Mattilsynet iverksett ei rekke tiltak for å hindre at fugleinfluensaen smittar tamme fuglar i Noreg. Mellom anna er det fastsett ei «Portforbudforskrift» som seier at tamme fuglar skal haldast innandørs eller ute under tett tak.

Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar innandørs) må du hugse på å registrere fjørfehaldet ditt hjå Mattilsynet.

 

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 05.04.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering