Tryggleiksvandring på Raudeberg 20.10.2015

Tryggleiksvandring - Klikk for stort bilete

Foreldrerepresentantar frå skule og barnehage, rektor, styrar i barnehage, Aktiv Raudeberg, Statens vegvesen, Nettbuss, politi, politikarar og teknisk avdeling i kommunen var med på vandringa som gikk frå Røysa til Leite og ned i Vikja. Hovudfokus for vandringa var tryggare skuleveg.

Det var ei engasjert gruppe som deltok og oppsummeringa syner at det er mulig å få skulevegen tryggare. Noko kan gjerast med enkle grep, og andre tiltak treng større grep for å kunne bli realisert. Politi, Statens vegvesen og kommunen kan på kvar sin måte bidra, men den viktigaste jobben må trafikantane gjere sjølve. Ha respekt for fartsgrenser og kryssingspunkt. Det er ofte foreldre som køyrer i dei mest sårbare tidene før og etter skuletid. Vegen er smal og mange plassar er det dårleg sikt, det vil ta tid å få gjort noko med, og då må dei køyrande ta omsyn til at det er mange born som ferdast på vegane til og frå skule og barnehage. Skulebussane kjem til faste tider, og det er vanskelige køyreforhold frå Vikja og opp til Leite. Spesielt no når vinteren kjem og glatte vegar er eit faktum.

Både små og store må hugse refleks og ta omsyn i trafikken!

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 29.10.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering