TV-aksjonen 2017 - Presentasjon av kommunekomitèen

TV-aksjonen 2017, komitemedlemmer - Klikk for stort bilete

Årets TV-aksjon går til UNICEF og aksjonsdagen er søndag 22. oktober. Frå kl. 16.00 denne dagen vil bøssebærare gå frå hus til hus.

Vågsøy formannskap vedtok den 08.06.2017, i F-sak 098/17, å gje kr 10.000,- i økonomisk bidrag.
Vågsøy kommunestyre vedtok den 15.06.2017, i K-sak 048/17, følgande kommunekomite:

f.v.: Ann Kristin Hetle (for Nord-Vågsøy), Arnhild Weltzien (for Vestre krets), Eva Westvik (for Måløy) og Monica Silden (for Fastlandet).
Kristin Maurstad (leiar), Nils Myklebust (nestleiar) og Jon Ole Eikås (f
or Bryggja med Nordstranda) var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Ta vel i mot bøssebærerne 22. oktober!

TV-aksjonen NRK 2017 UNICEF
Innsamlingsbeløpet frå TV-aksjonen 2017 skal gje barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan tilgang på læring. Eit av fem barn i krigs- og konfliktområder står i dag utan skulegang. UNICEF arbeider hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av vaksnes krigar og konfliktar. Skulegang gjev barn som lever i konfliktområder moglegheit til å lære, leike og å vere saman. På sikt bidrar utdanning til å gjenoppbygge samfunn og gje håp for framtida.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 16.10.2017