TV-aksjonen 2018 - Presentasjon av aksjonskomitèen

TV-aksjonskomitèen 2018 - Klikk for stort bilete Årets TV-aksjon går til Kirkens Bymisjon og aksjonsdagen er søndag 21. oktober. Målet er at alle husstandane skal få besøk av ein bøssebærar, og tidsrommet for besøket er mellom kl. 16.00-18.00.

Aksjonskomitèen for Vågsøy kommune er:

f.v.: Camilla Refvik (for Nord-Vågsøy), Nils Myklebust (nestleiar), Arnhild Weltzien (for Vestre krets), Tonje Hessevik Sandal (for Fastlandet) og Kristin Maurstad (leiar).
Eva Westvik (for Måløy) og Tove Holvik (for Bryggja med Nordstranda) var ikkje tilstades då biletet vart teke.


Ta gjerne direkte kontakt med aksjonskomitèen om du ønsker å bidra som bøssebærar ev. kan du registrere deg på Blimed.no

Ta vel i mot bøssebærarane 21. okober!

Innsamlingsbeløpet frå TV-aksjonen 2018 går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 21. oktober. Kirkens Bymisjon kan med årets TV-aksjon skape møter som redder liv og tilby mennesker som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik bidra til at fleire får moglegheita til å oppnå eigne mål og draumar. Pengane som samlast inn skal skape 700 000 møter mellom mennesker.

TV-aksjonen 2018 - Mindre alene sammen - Klikk for stort bilete



Vågsøy formannskap vedtok 07.06.2018 å gje kr 10.000,- i økonomisk bidrag.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 07.09.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering