TV-aksjonen 2018 - Vi treng bøsseberare!

TV-aksjonen 2018 - Logo - Klikk for stort bilete Ønsker du å vere bøsseberar for Vågsøy kommune?

TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 21. oktober.
Kirkens Bymisjon kan med årets TV-aksjon skape møter som redder liv og tilby mennesker som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik bidra til at fleire får moglegheita til å oppnå eigne mål og draumar. Pengane som samlast inn skal skape 700 000 møter mellom mennesker.

Vågsøy kommune treng bøsseberare til heile kommunen denne søndagen.

Har du moglegheit for å avsjå ca. to timar til årets viktigaste søndagstur, så meld deg ved å registrere deg på blimed.no. Du vil då kunne velge området du ønsker å gå i. Bøsseberartelefonen 02025 opnar 01.10.2018.

Tidspunktet for bøsseberinga er mellom kl. 16.00 og 18.00.

Informasjon om årets aksjon (PDF, 181 kB)

Ev. spørsmål kan rettast til Vågsøy kommune v/konsulent Service Irene Sivertsen, tlf: 57 84 50 21 / mobil: 997 36 491.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 29.08.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering