Dette vil skje gjennom førebyggande arbeid med tanke på tidleg intervensjon og riktig og koordinert hjelp til ungdom og unge vaksne, samt det å setje i verk tiltak som førebygger alvorlig psykisk sjukdom og rus. Prosjektet legg stor vekt på brukarmedverknad og individuell tilpassing etter behov.
Prosjektet vil inkludere ungdomar som er elevar ved dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord: Måløy Vidaregåande skule, Eid Vidaregåande skule, Firda Vidaregåande skule og Stryn Vidaregåande skule. Prosjektet vil samstundes følgje opp elevar som allereie har falt frå den vidaregåande skulen før prosjektet vart starta opp.
Magnus Sivertsen Nore er tilsett i prosjektet og vil ha som arbeidsoppgåve å kartlegge omfang og behov, vere ute blant og tilgjengelig for målgruppa, ha kontakt med den enkelte ungdom/ung vaksen og følgje opp med tanke på hybelbesøk og samarbeide tett med ulike aktørar. Vidare har prosjektet ei tverrfaglig prosjektgruppe for å sikre bred kompetanse innan ulike fagfelt.
Prosjektet har eit ynskje om å gi rett hjelp til rett tid og legg derfor stor vekt på tverrfaglig samarbeid og det å utnytte ressursar som allereie er i dei to kommunane. Det vil derfor vere stort fokus på tett samarbeid med naturlege samarbeidspartnerar som er tilgjengeleg på skulane som rådgjevarar og miljøkoordinatorar, samt eksterne tenestar som barnevern, PPT, psykisk helseteam, rådgjevar i NAV, ruskonsulentar, MOT koordinator, SLT, fastlegar, helsesøster og politiet.