Unge MOTivatorar på besøk i kommunestyret

UmM i kommunestyret - Klikk for stort bilete

Torsdag 9. februar var UngMOTivator på besøk i kommunestyret. Dei hadde ein kreativ og flott framføring av Mummidalen med usynlege Ninni og ufordragelege Stinky som begge har eit ønske om å bli sett. Politikarane blei etterpå utfordra på å gi ei hyggeleg tilbakemelding til sidemann på tvers av politisk enighet og uenighet.  
Til slutt takka ungdomane politikarane for at Vågsøy kommune er eit Lokalsamfunn med MOT!

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 13.02.2017

Mummidalen - Klikk for stort bilete