Ungt entrepenørskap på Skavøypoll skule

Vestliner (2).jpg - Klikk for stort bilete

4.klasse ved Skavøypoll Skule har dei siste vekene vert rundt på bedriftsbesøk på arbeidsplassane til nokre av foreldra i klassa. Dette er ein del av Ungt Entreprenørskapsplanen vår.

Vi har vert på Kulatoppen og fått prøve nokre av hjelpemiddela sjukepleiarane brukar i sin kvardag. Vi har vert på Team Trafikkskole og fått litt trafikkopplæring, og vi har besøkt det nye vassrenseanlegget til kommuna på Raudeberg. På Blink Hus fikk vi sjå korleis dei teiknar hus, før vi besøkte eit av husa dei held på å byggje. Vi har og sett litt korleis det er å vere vaktmeister i Måløy, blant anna på politihuset der nokre av elevane fekk prøve arresten. Vi har besøkt Ulvesund Elektro, Bakeriet kafe, Sparebanken Sogn og Fjordane, Toyota Nordfjord og Selstad. Vi har og besøkt tømrarlinja på MVS der elevane fekk både sage, bore og skru, for så å ende opp med stylter som vi fekk ta med tilbake på skulen. Siste dag før påske var vi om bord i linebåten Vestliner, der vi fikk servert eit toppers festmåltid i byssa.

 

Tusen takk til alle dei flinke foreldra og deira medarbeidarar som har stilt opp for oss. Vi har lært mykje og har mykje godt stoff å jobbe vidare med i prosjektet Ungt Entreprenørskap.

 

Stor påskehilsen frå 4.klasse ved Skavøypoll Skule

v/lærar Fride Oksholen

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering