Utdeling av kulturpris, musikk- og idrettsstipend 2015

Kulturpriser 2015 - Klikk for stort bilete

Det vart i kommunestyremøte i dag, 10.12.2015, utdelt kulturpris, musikk- og idrettsstipend for 2015.

Kulturprisen vart tildelt Vågsøy historielag for sitt arbeid med innhentning og dokumentering av gammal og ny lokalhistorie i Vågsøy.

Historielaget gjer eit svært viktig kulturarbeid gjennom å dokumentere kvardagskulturen, og store og små lokalhistoriske hendingar.  Historielaget driv eit viktig innsamlings- og arkiveringsarbeid av lokalhistoria vår.  Dette er viktig arbeid for dagens innbyggjarar og for våre etterfølgere. 

Historielaget gjer eit viktig kulturpolitisk arbeid ved å fokusere på, framheve og arrangere møter og opplevelser rundt våre lokale kulturminner. Uten tvil aukar det bevisstheten i befolkninga om vår kultur og vår kulturarv.

 
Musikkstipendet vart tildelt Karoline Kvalheim Myre.

Karoline er 16 år og likar å synge og opptre for publikum.  For Karoline er musikken ein måte å kunne uttrykke seg på. Fyrste gong Karoline opptrådte var i heimbygda si, Kvalheim, då ho var fem år. Karoline starta å spele piano på kulturskulen i åtte års alderen. Seinare byrja ho å ta sangtimar.  Dei siste åra har ho gått i lære på gitar.  I kulturskulen sin regi har Karoline vært med å halde konsert på omsorgssentera fleire gongar, og er fortsatt med med sang og gitar på pianoelevane sine konsertar.  Karoline er òg sjølvlært på ukulele.  

Karoline har vore solist både i kyrkja og på mange ulike lokale arrangement. Ho har og delteke på Ungdommens kulturmønstring i Vågsøy og delteke på fylkesmønstringa tre gongar.  Karoline har og vore med i Nordfjord talent nokre gongar og opptrådd på fleire MOT-konsertar.

Tidlegare i haust opptrådte ho på LO Favør sin kulturkveld, der fekk ho tildelt musikkstipend frå Sparebank1.

 

Idrettsstipendet vart tildelt Henrik Furnes Myhre. 

Henrik er 15 år gammel og har fotball som fritidsaktivitet og lidenskap.

Henrik speler på TMFK G15/16 og trener fast med TMFK sitt A-lag.  Han har i år debutert på a-laget og også scoret sine første mål der.

I tillegg til klubbfotballen er han med på kretsen sitt akademilag, kretslag, og Sogn og Fjordane sitt satsingslag, Team Sogn og Fjordane.

I 2015 har han hospitert hos Viking G15 på 2 Elite turneringar, samt delteke på 2 treningsopphald i Stavanger. I september i år var han med på Sogndal sitt G15 lag som gjekk til topps i Ham-Kam Talentcup.

Henrik seier fotballen betyr masse for han og den gjev han mange fantastiske og minnerike øyeblikk. Ikkje minst er det svært lærerikt og utviklande.

Vågsøy kommune gratulerer!

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 10.12.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering