Utdeling av kulturpris og musikkstipend 2014

Kulturpris og musikkstipend 2014 - Klikk for stort bilete Det vart i kommunestyremøte i dag, 11.12.2014, utdelt kulturpris og musikkstipend for 2014.

Kulturprisen vart tildelt Kjell Oldeide som har vore aktiv i kommunen sitt kulturliv gjennom mange år. Han har vore ein pådrivar til alt frå kor, Sildakrunafestivalen, til showet "Bryl beat and boogie" som vart satt opp for nokre år sidan. Kjell har dei siste åra gjort mykje for fiske og kystkultur i kommunen. I 2011 var han ein av initiativtakarane til å starte Nordfjord Havfiskeklubb, og var ein sterk pådrivar til å få i gang Måløy Havfiskefestival. Det arrangementet har vore av ein slik kvalitet at dei har blitt kontakta med forespørsel om å arrangere Europamesterskapet i Havfiske i 2017. Gjennom Havfiskeklubben og Måløy Havfiskefestival har han jobba aktivt for å ruste opp lekteren, som no blir brukt til fiskerimuseum. Dette arbeidet har vore med i å sette fart i planane om eit permanent fiskerimuseum.

Musikkstipendet vart tildelt Jørn Trollebø Kvalheim. Han starta sin musikalske karriere ved kulturskulen i Vågsøy. Der lærte han seg bl.a. å spele kornett, tromme, piano og gitar. Han har vore aktiv i Skram skole sitt musikkorps i mange år. Jørn har starta sitt eige band "Nuts" og opptrer ofte åleine som trubadur. Han har delteke på UKM ved fleire anledningar, og representert kommunen i Operahuset på Nordfjordeid. For tida studerer Jørn musikk ved Høgskolen i Volda, der han har "Idol-permisjon". Han er for dei aller fleste no mest kjent som "Idol Jørn" då han har klart det kunststykket å ta seg heile vegen til finalen i Idol 2014. Han er ein fantastisk ambassadør for kommunen. Tilbakemeldingane frå dommarpanelet er at han ikkje berre kan synge, men at han også er ein knakandes kjekke kar.
Kommunen ønsker Jørn lykke til i finala i morgon, 12.12.2014, og oppfordrer alle til å stemme på Jørn. Men uansett utfall i finala, så vil Jørn vere ein vinnar.

Vågsøy kommune gratulerer!

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 11.12.2014
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering