Utlysing av vedteke planprogram for kommunedelplan for fjordkryssing Ytre Nordfjord

Vågsøy kommune

Bremanger og Vågsøy kommunar skal utarbeide kommunedelplan for ei kort fjordkryssing med ferje i ytre Nordfjord ved Rugsundøy, samband mellom Rv 15 og Fv 616, jfr Ppl. § 11-5. Planarbeidet skal også ta stilling til mogeleg framtidig bruløysing.

Det ligg føre godkjent planprogram (PDF, 5 MB) for utarbeiding av kommunedelplanen, vedteke i Vågsøy kommunestyre sak 046/12 (PDF, 109 kB), og Bremanger kommunestyre sak 037/12 (PDF, 336 kB). Planarbeidet skal utgreie to kryssløysingar med Rv 15; eitt ved Nygård og eitt ved Almenningsfjellet vest.

Det skal vidare greiast ut to ferjestader; ved Biskjelneset og Vemmelsvika. Det skal utgreiast ulike kombinasjonar av vegframføringar mellom krysspunkta og ferjestadene. På sørsida av Nordfjorden skal det greiast ut ferjekaiplassering ved Tongane.

I konsekvensutgreiinga av planen blir nærmiljø og friluftsliv, landskap og kulturminne særleg viktige tema. Planprogrammet kan ein sjå på Vågsøy og Bremanger kommunar sine heimesider, og Vågsøy servicetorg og Bremanger kommune, rådhuset.

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 22.10.2012