Utvida opningstider ved Vågsøy folkebibliotek

Logo - Klikk for stort bilete

No blir det laurdagsope på biblioteket vårt! Ei prøveordning i vinter viste gledeleg godt besøk på laurdagane, ikkje minst av småbarnsfamiliar. Vi håper enda fleire vil nytte seg av tilbodet no når det blir fast. Opningstidene elles i veka blir òg utvida. 

Dei nye tidene: 

Måndag stengt

Tysdag    10.00 – 15.30

Onsdag   12.00 – 19.00

Torsdag   12.00 – 19.00

Fredag     10.00 – 15.30

Laurdag   10.30 – 14.00

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 15.02.2017