Vågsøy barnevern på besøk hos Barne-, ungdom og familiedirektoratet

En god barndom - Klikk for stort bilete

Vågsøy var invitert som ei av fire kommuner i landet til å delta i arbeidet med å utarbeide nye retningslinjer for samarbeid mellom politiet og barneverntenesta ved mistanke om vold og overgrep i nære relasjonar.

barnevern Vågøsy - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune, representert med to personar frå barneverntenesta, var tysdag i Barne- ungdom og familiedirektoratet. 
Arbeidet skal resultere i nasjonale føringar for korleis politi og barneverntenesta skal samhandle når enten politiet eller barneverntenesta får opplysingar som gjev grunnlag for bekymring for at eit barn er utsett for vald eller seksuelle overgrep. Desse føringane skal vera direktoratet sine anbefalingar for kva som er god praksis i denne type saker.

Førebyggande samarbeid er også eit tema i mandatet.
Med på møtet var også representantar frå politimynde, Barnehuset, Oslo kommune og direktoratet. I tillegg til Vågsøy var Drammen, Arendal og Vefsn kommune invitert.

I september møter representantane frå Vågsøy på nytt i Oslo for å drøfte eit utkast.
Dei endelege retningslinjene skal vera ferdige i 2017.

 

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 02.03.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering