Vågsøy er godt i gang med å bli eit "demensvennlig samfunn"

Reinhaldarar demenskurs - Klikk for stort bilete

Førre veke deltok reinhaldarar frå Vågsøy kommune på eit ca. 1 times kurs for kunnskap, tips og råd på korleis ein møter og kommuniserer med personer med demens. Tidlegare har også handelsforeninga i Måløy delteke på kurs, og vi håper mange vil følgje på.

Dei fleste av oss møter personer med demens gjennom arbeid eller privat. Tilbakemeldingar frå deltakarar på kurset har vært at det er nyttig kunnskap å ta med seg i samhandling med andre mennesker. Dette er eit gratis kurs som vi håper flest mogleg bedrifter, butikker og avdelingar vil nytte seg av.

For meir informasjon eller for å avtale kurs, kontakt folkehelsekoordinator Birte Sandal Rikstad birte.sandal@vagsoy.kommune.no.

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 29.01.2019