Vågsøy får truleg driftssenteret

Nordfjordkommunane
Nordfjordkommunane

Rådmannsgruppa i Nordfjord vedtok på møtet 28. september i år einstemmig å tilrå etablering av det felles IKT-driftssenteret i Vågsøy kommune.

Vågsøy kommune sitt tilbod er vurdert som å ha den beste tekniske løysinga og er også den økonomisk mest fordelaktige for Nordfjordkommunane.

I tillegg til Vågsøy, som samarbeider med Eid kommune om sitt tilbod, var også Gloppen, Hornindal og Stryn interesserte i å ha driftssenteret.

Dei sju kommunestyra i Nordfjord har tidlegare gjort likelydande vedtak om at det skal etablerast eit felles IKT-driftssenter i Nordfjord og at det skal gjennomførast ein intern konkurranse mellom kommunane om kvar dette senteret skal lokaliserast.

Den tilbydde og tilrådde løysinga går på å etablere datarommet i kommunehuset i Vågsøy med reserverom i kommunehuset på Eid. Kontorlokala er lagt til Domsteinbygget i Vågsøy.

Rådmennene ønskjer å organisere driftssenteret etter vertskommunemodellen, jfr kommunelova § 28-1b.

Saka går no til endeleg politisk avgjerd i dei sju kommunane.

Kontaktpersonar er:
Frank Westad, leiar rådmannsgruppa
Geir Liavåg Strand, administrativ leiar Kommunenett Nordfjord
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Tlf 951 91 753

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 04.10.2012
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering