Vågsøy folkebibliotek stengjer

Kjære brukarar ved Vågsøy folkebibliotek!

4.desember stengjer biblioteket midlertidig grunna flytting.

Vi blir diverre stengt over ein lengre periode men når vi endeleg opnar (mars 2016) i "DNB"-bygget i Gate 1 håpar vi De synest det har vore verd ventinga. Samstundes med flyttinga skal mykje fornyast og vi gler oss til å ta imot Dykk i lokala vi håpar kan bli ein naturleg møteplass og ein ny kulturarena i kommunen!

I flytteperioden vil vi ha eit lite utval bøker tilgjengeleg for utlån ved servicetorget i kommunehuset. Innleveringsboksen ved Heradsheimen kan framleis brukast så lenge denne blir ståande, eventuelt kan du ta vare på bøkene du har lånt og levere dei inn når biblioteket opnar på nytt. Unntaket er bøker lånt frå andre bibliotek, dei må vi ha att ved forfall. Desse kan leggjes inn i innleveringsboksen eller på servicetorget.

Har du spørsmål skriv gjerne:

tamara.sortland@vagsoy.kommune.no

Vel møtt til våren!

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 23.11.2015

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering