Vågsøy helsestasjon startar opp COS-kurs i september

COS - Klikk for stort bilete

COS-kurs passar for alle foreldre som ynskjer å vite meir om dei grunnleggande behova alle barn har, og korleis ein kan dekke desse behova. Kurset er særleg anbefalt til småbarnsforeldre, men er også relevant for å forstå eldre barn. Du treng ikkje oppleve vanskar med barnet ditt for å ha glede og nytte av COS-kurs.

Kursdatoar:  22. september, 29. september, 6. oktober, haustferie, 20. oktober, 27. oktober, 3. november, 10. november og 17. november.

Tidspunkt: 13:30-15:00

Stad: Under avklaring

Kurset er gratis og går over 8 gonger med ei vekes mellomrom. Kursgruppa er på 6-10 personar. Kurset varer 1,5 timer. Læringa foregår gjennom ein kombinasjon av videoklipp, samtalar, erfaringsutveksling, refleksjon og å prøve terori ut i praksis. Der ein er 2 foreldre er det flott å delta saman. Ein vel sjølv kor mykje ein ønsker å dele i gruppa.

Informasjon og påmelding:

Har du lyst å vere med eller treng meir informasjon? Ta kontakt direkte med helsestasjonen til Helga Iversen Skartveit tlf 456 38 312 eller Elin Lesto Larsen tlf 974 97 138, eller bruk søknadsskjema på Vågsøy kommune sine heimesider (Tenester A-Å).

www.circleofsecurity.com

Velkommen

 

 

Circle of security - Klikk for stort bilete

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 13.09.2017
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering