Vågsøy historielag inviterer til bokslepp av Årbok 2018

Årbok 2018 (framside).jpg - Klikk for stort bilete

Velkommen til bokslepp på Vågsøy folkebibliotek tysdag 13. november 19:00.

 Historielaget kjem med ny årbok for 2018, som inneheld mellom anna artiklar om minnestoff, segntradisjon, dikt, fiskeri, klippfiskproduksjon, håskinning, svartebok, fyrhistorie og mykje meir. 

Boka kostar i år, som tidlegare år, 200 kroner og vert å få kjøpt på boksleppet. Det er skriftstyret som presenterer boka. 

Onsdag 14. nov. vil boka vere til sals i bokhandelen og div. daglegvarebutikkar.

Andre lokalhistoriske bøker vert og presentert. 

 

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 12.11.2018 12:47