Vågsøy kommune gratulerer vinnarane av årets Kulturpris og Kulturstipend!

Kulturpris m.m. 2017 - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune gratulerer vinnarane av Kulturprisen og Kulturstipenda for 2017:

Kulturpris
Jon Georg Rutledal.

Kulturstipend:
Andrea Santiago Stønjum, Sebastian Fløysand Kvalheim og Tone Holvik-Eriksen. 

Grunngjeving Kulturpris:

Jon Georg - Klikk for stort bilete Jon Georg Rutledal har heile livet jobba for å gje ungdom eit aktivitetstilbud på fritida. Etter si eiga aktive karriere på fotballbana, som strekte seg frå tidleg 60-talet og langt ut mot 1990, har han brukt tusenvis av timar på ungdom i kommunen og elles i fylket. Uansett veir og vind har han stilt opp for barn i alle aldre. Han har trent fleire aldersbestemte lag i same sesong, hatt ansvar for spelarutvikling i eigen klubb, region Nordfjord og Sogn og Fjordane fotballkrets og trenar for Tornado FK og seinare Tornado Måløy FK sitt A-lag.

I Jon Georg sitt vokabular finst ikkje ordet «Nei». Eit døme på det er at då fotballkretsen i august mangla ein «Fagsjef barn», tok Jon Georg på seg den jobben også, i tillegg til å trene TMFK sitt A-lag og guttelag.

Jon Georg har ikkje berre vore aktiv PÅ bana. Han har i 4 år vore formann i Sogn og Fjordane Fotballkrets og har i tillegg vore medlem av ulike komitear i kretsen sitt arbeid med barn og unge.


Grunngjeving Kulturstipend:

Andrea - Klikk for stort bilete Andrea Santiago Stønjum har dreve med sang i meir enn 8 år, og har fleire gongar delteke på arrangement i og utanfor kommunen.

Andrea var med i sangkonkurransen «The Voice» 2017 på TV2 og kom på ein flott og imponerande 2. plass. Tilbakemeldingane frå dommarane er at ho har utvikla seg mykje på kort tid. Sang og musikk har alltid vore ein stor del av livet til Andrea, og dette er noko ho vil vidareutvikle.


Sebastian - Klikk for stort bilete Sebastian Fløysand Kvalheim er ein ungdom som er levande oppteken av lokalsamfunnet. Han starta LAN for fleire år sidan og er styreleiar i Måløy LAN. Dei har nettopp gjennomført eit vellykka arrrangement, Nordfjord si største data-arrangement, større og betre enn nokon gong.

Sebastian samlar datainteressert ungdom til sunne interesser som forbereder dei på framtida sine utfordringar. Han er berre 17 år og er eit flott forbilete for ungdommen.


Tone - Klikk for stort bilete Tone Holvik-Eriksen er ein ildsjel som dei 2 siste åra har lagt ned ein betydeleg stor eigeninnsats og energi i arbeidet med å få gatekunst til Måløy. Tone brenn for at kunst- og kulturlivet i kommunen skal få blomstre.

Gatekunstprosjektet sitt fyrste verk "Gullfiskeren" har av folket blitt tatt imot på suverent vis. Kommentarer og meldingar til dette verket er at man føler ein sterk tilhørighet til kunstverket og vår identitet som kystfolk.

I forbindelse med ferdigstilling av prosjektet sitt andre verk som handlar om livet i havet, kom Norge Rundt og laga ein episode om Urbankunst Måløy - Norges kuleste kunstprosjekt.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 14.12.2017