Vågsøy kulturskule held skuleturne i veke 11 og 12

Elev på Visuell Kunst i sving med Picassoinspirert måleri.JPG - Klikk for stort bilete

Vågsøy kulturskule vil dei neste to vekene ta turen rundt på alle barneskulane i kommunen og vise fram litt av dei tilboda dei har.

Rithusha og pianolærar Alice Teunis.JPG - Klikk for stort bilete Nesten ferdig byste(portrett i leire).jpg - Klikk for stort bilete

Elevar ved kulturskulen frå dei ulike skulane vil på sin eigen skule vise fram kva dei driv med. I tillegg til mange musikkinnslag vert det også vist bilder av arbeid gjort på dei visuelle kunstgruppene. Lærarane ved Vågsøy kulturskule er med sine elevar rundt, og fortel og forklarar om dei ulike tilboda.

Per i dag kan ein ved Vågsøy kulturskule få undervisning i:
-
Visuell kunst (teikning, maling, form)
- Song
-
Gitar
- Bass
- Keyboard
- Piano
- Orgel
- Messinginstrument
- Aspirantundervisning


Det er i år 20 år sidan det vart lovpålagt at alle kommunar skal ha eit musikk-/kulturskuletilbod for barn og unge.

Kulturskulen skal gje opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet til alle barn og unge som ønskjer det. Det å oppleve, skape og lære seg nye ferdigheiter er føremålet. Opplæringa skal også gje øving i kritisk refleksjon og på å ta sjølvstendige val.

Opplæringa skal ivareta både dei som ønskjer å utforske og bli kjent med kunstfaga, men også dei som vil utvikle ferdigheitene sine, og fordjupe seg ekstra.

Kulturskulen skal vere eit lokalt ressursenter for kunst og kultur, og dette er noko vi i Vågsøy vil jobbe for å oppnå. Vi ønskjer å kunne tilby opplæring i fleire og andre kunstutrykk enn det vi i dag har. Vi skal i gang med å lage lokale læreplanar tilpassa vårt område; vår kultur og ressursane her.

Vågsøy kulturskule har undervisning på ettermiddag og kveld; etter vanleg skuletid. Ein kan søkje plass på skjema som ligg på heimesida til Vågsøy kommune.

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 10.03.2017
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering