Vaksinering mot meslingar av tilsette i helse- og omsorgstenestene

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Helsedirektoratet har sendt ut ei orientering om vaksinering av tilsette i helse- og omsorgstenestene mot meslingar for å beskytte sårbare pasientar mot smitte.

Vaksinasjonsdekninga er høg i den norske befolkninga. Dei fleste er vaksinert mot meslingar gjennom barnevaksinasjonsprogrammet eller beskytta etter gjennomgått infeksjon. Risikoen for større utbrot er liten, men smittespreiing i grupper av ubeskytta personar er ikkje usannsynleg. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane oppmodar difor særleg tilsette innan helse- og omsorgstenestene til å vaksinere seg mot meslingar om dei ikkje allereie er vaksinerte eller immune etter å ha hatt sjukdommen.

Les meir informasjon frå Fylkesmannen.

I dette skrivet frå Helsedirektoratet kan du lese meir om rutinar knytt til meslingar og vaksinasjon.

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 27.04.2018