Varsel om offentleg ettersyn - fortau øvre Okshola

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete I samsvar med § 12-10, første ledd i Plan- og bygningslova, kunngjer Vågsøy kommune med dette offentleg ettersyn av Detaljreguleringsplan for fortau frå RV 15 mot Øvre Okshola, datert 07.06.2013.

Planframlegget opnar for bygging av eit nytt fortau i tilknyting til den kommunale vegen frå RV15 mot øvre Okshola. Fortauet er i dette planframlegget lagt på motsett side av vegen i forhold til gjeldande plan og fortauet er ført fram til Skavøypoll barnehage.

Reguleringsplan fortau Okshola foto - Klikk for stort bilete Sjå vedlagte plankart (PDF, 245 kB) og planhefte (PDF, 3 MB) for meir detaljert skildring av planframlegget.

Innspel til planarbeidet kan sendast til: Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701Måløy, innan 12.08.13.

Etter at fristen for merknadar er ute, skal utval for plansaker vurdere innkomne merknadar og fremje ei innstilling til kommunestyret, for eigengodkjenning av planen.

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 25.06.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering