Varsel om planoppstart - Domstein AS

Domstein.png - Klikk for stort bilete

Varsel om planoppstart: Detaljregulering for Domstein AS, Gnr./bnr. 119/1, m.fl. på Raudeberg.

I samsvar med Plan- og bygningslova 12-8, vert det varsla oppstart av planarbeid etter §12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr. 119/1 m.fl. på Raudeberg. Tiltakshavar for planarbeidet er Domstein AS, og plankonsulent er Nordplan AS.

Planen er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing etter KU-forskrifta.

Planområdet omfattar eit samla areal på 52,1 daa.

Planavgrensing Domstein AS (PDF, 347 kB)

Bakgrunn og formål med planarbeidet:

Domstein AS ønskjer å legge til rette for sjøtilknytt næringsverksemd på landområdet, og på fylling i sjøen på eigedommane 119/52, 119/29, 119/1, 119/302 og 119/41. I dag består området av eldre bygningsmasse frå 1954, 1976 og 1986, i 1-4 etasjar. Dagens bruk er frysehotell, hovudlager og butikk. 

Planen opnar for at det kan etablerast parkering, varelevering, kaianlegg, kontor og lager innanfor området. Føremålet forretning skal vurderast vidareført. Den planlagde fyllinga i sjøen er på om lag 5000 m2, med om lag 20 000 m3 masse. Det er planlagt å bruke sprengstein frå tunellprosjekt som blir frakta via sjøvegen til oppfylling. Gjennom planarbeidet skal ein undersøkje geoteknisk stabilitet og planlegge utfyllinga si form og størrelse. Forholda kring trafikk og arbeid i anleggsfasen skal vurderas i forhold til miljøpåverknad, som til dømes støy for omgjevnadane.

På fyllinga i sjøen skal det byggast djupvasskai med om lag 10 meters djup i forkant. Arealet skal brukast til ny fabrikk for produksjon av kvit-fisk og sjømat, med tilhøyrande salsapparat. Etableringa skal skje i tilknyting til eksisterande bygningsmasse, og ein reknar med eit visst omfang av riving og ombygging av denne.

Tilkomst til området, behov for kollektivløysingar og tilbod for gåande og syklande skal sikrast i planen, og planleggast i samsvar med Statens vegvesens handbok N100.

Dagens plansituasjon:

Arealbruk i planområdet er regulert av kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar etter eldre plan- og bygningslov (PBL85 el. eldre). Planen vil delvis erstatte følgjande reguleringsplanar:

§ Reguleringsplan for Raudeberg, del 2, PlanID: 198402 (25.06.1984)

§ Reguleringsplan for Raudeberg, del 1, PlanID: 198204 (07.10.1982)

Planen vil ha felles grense i nord med Detaljregulering for kulturhus, næring og kontor på Gnr./Bnr. 119/15, 119/25, 119/218, 119/320 og 119/435 på Raudeberg, PlanID: 201601. (21.09.2017).

Domstein 2.png - Klikk for stort bilete

Domstein 3.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Planens avgrensing (svart line) vist i utsnitt av gjeldande kommuneplan (til venstre), og gjeldande reguleringsplanar (til høgre). Kjelde: Vågsøy kommune/Nordfjordsamarbeidet.

 

Vidare saksgang

Publikum og aktuelle partar har rett til å kome med innspel/merknader ved oppstart av reguleringsarbeidet. Innspel/merknadar kan sendast inn skriftleg til:

Nordplan AS v/Øyvind Sødal

Vågåvegen 35, 2680 Vågå.

 

Innspel/merknadar kan også sendast pr. e-post til os@nordplan.no.

Det vil også arrangerast eit orienteringsmøte om planarbeidet i kantina hjå Domstein Fish AS på Raudeberg 14. februar 2018 kl. 18.00-20.00, der Domstein AS og konsulent frå Nordplan AS deltar. Her vil det bli orientering om planarbeidet, med anledning til å stille spørsmål og kome med innspel til planlegginga.

Frist for innsending av innspel og merknader er sett til 02. mars 2018. Innkomne merknadar vil bli vurdert og kommentert i planforslaget. Planforslaget skal handsamast av Vågsøy kommune, som legg planen ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Publikum og aktuelle partar har òg rett til å uttale seg om saka ved offentleg ettersyn. Kommunen varslar partar som saka vedkjem skriftleg, samt kunngjer offentleg ettersyn i Fjordenes Tidende.  

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 24.01.2018