Vedtak i Vågsøy kommunestyre 30.03.2017

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommunestyre vedtok 30.03.2017 i K-sak 025/17 Søknad om samanslåing mellom Flora og Vågsøy kommuner (PDF, 737 kB) følgande:

1. Vågsøy kommunestyre godkjenner inngått intensjonsavtale med Flora kommune om samanslåing frå 01.01.2020.

2. Vågsøy kommunestyre sender søknad til Kommunaldepartementet der ein ber om Stortinget si godkjenning av den nye kommunen frå same dato.

3. Endring i intensjonsavtalen, kapittel 3; kommunesenter: Flora og Måløy skal ha delt kommunesenterfunksjon. Talet på administrative arbeidsplassar/rådhusfunksjonar i Måløy og Florø skal forholdsmessig vere som før samanslåinga.

Organisering av hamn og næringsarbeidet skal skje på ein måte som sikrar både heilskapleg samordning og satsing på komparative fortrinn i alle delar av kommunen. Eit døme er fiskeriaktiviteten i Vågsøy og petroleum i Flora.

I Måløy skal det etablerast kompetansemiljø til elles utvikling av mellom anna samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, fornybar energi og klima og IKT.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 31.03.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering