Veldferdsteknologiens ABC

Velferdsteknologi abc - Klikk for stort bilete

Velferdsteknologiens ABC er ein opplæringspakke til kommunane i Norge. Vågsøy har hatt fokus på å få til ei tverrfagleg gruppe med tilsette frå ulike sektorar som helse og omsorg, velferd, eigedom og reinhald. Vi har hatt åtte gruppesamlingar i tillegg til eigenstudie.

 

Mål for studiegruppa

Arbeidet med velferdsteknologi er godt forankra administrativt og politisk i Vågsøy kommune.

Målet lokalt er å gi grunnkunnskap om Velferdsteknologi for fleire. Auka kunnskap er ein måte å skape ein felles forståing, kjensle av å høyre til og endringsvilje i organisasjonen. Hovudmålet med velferdsteknologi er at brukarane og pårørande skal meistre eigen kvardag, auke tryggleik og sjølvstende. Riktig bruk av teknologi kan auke aktivitet og deltaking i viktige gjeremål.

Parallelt med ABC studiegruppa har vi gjennomført:

- oppstart og opplæring i MinMemoria (digital minnebok) på Kulatoppen

- utprøving av Evondos Multidosedispensere i heimetenesta området Vågsøy. Dette blei lagt fram informasjon om til helse og omsorgsutvalet. Vidare satsing på dette vart éinstemma vedtatt  

- utprøving av lokaliseringsteknologi til heimebuande (GPS klokke og APP til deira pårørande)

- starta kvalitetsarbeid og prosedyrar som trengs for å ta velferdsteknologi i bruk

- fire i gruppa har deltatt på regionssamling i regi av USHT Sogn og fjordane

- ergoterapeut deltok på kurs i regi av Aldring og Helse om Velferdsteknologi som kommunal teneste april 2018

- ergoterapeut har undervist om velferdsteknologi og hjelpemiddel for pårørande til demenssjuke på «Pårørandeskulen» februar 2018

- eigedomsavdelinga, vaktmeister og fysioterapeut har vore med i planlegging av ny fløy på Kulatoppen Omsorgssenter

- reinhald og Miljøtenesta har eit prosjekt med utprøving av robotstøvsugarar

Velferdsteknologi som er i drift:

- Institusjon nyttar lokaliseringsteknologi til to bebuarar (GPS halssmykke). Oppstart våren 2016.

- Motiview er i drift på fire ulike områder, med individuelle aktivitetsplanar. (i regi av Folkehelsekoordinator).

Musikk i mine øyre» er i drift på institusjon, dette ved hjelp av IPod.

Erfaringar:

Deltakarane i gruppa har ulike arbeidsoppgåver og ulike erfaringar. Nokon har ansvar for bygg, og det vil være veldig viktig å nytte mogleik som ligger i teknologi i nye kommunale bygg. Nokon er i avdelinga og ser stor nytte av teknologi som kan betre kommunikasjon og dagleg velvære, i tillegg til sikkerheita. Teknologi kan fremme samarbeid mellom heimetenesta/tilsette og pårørande.

 

Det er no starta opp to nye grupper med Velferdsteknologiens ABC i Vågsøy som viser at det vert satsa på arbeidet med velferdsteknologi i Vågsøy.