Velkomen til julemiddag 24.12.2019

Velkommen til julemiddag 2019-1.jpg - Klikk for stort bilete

Avdeling Psykisk helse og Rus og Frelsesarmeen i Vågsøy vil i år, som i fjor, invitere til julemiddag. Frelsesarmeen og Vågsøy kommune ynskjer å invitere til julemiddag i Frelsesarmeen sine lokaler, julafta frå kl. 12.00-14.00.

Alle som ynskjer kan vere med på julefeiringa - det er behovet eller ynskjet om fellesskap som er viktig.

For påmelding ta kontakt med Stine Aase Myhre, telefon: 971 80 923 eller send mail til: julemiddagvagsoy@gmail.com

Påmeldingsfrist: 18.12.19

I anledning den føreståande julefeiringa ynskjer avdeling Psykisk helse og Rus, og Frelsesarmeen i Vågsøy å invitere innbyggarar til julemiddag i Frelsesarmeen sine lokal i Vågsøy. Frelsesarmeen har lang tradisjon for nettverksskapande arbeid, og har i mange år samarbeidd med Vågsøy kommune for å gi bistand til innbyggjarane. Med bakgrunn i fjorårets arrangement ynskjer vi å kunne gi ei god høgtidsstund rundt eit godt julemåltid mellom kl 12:00 og 14:00 på julafta.

Det er viktig å presisere at dette er eit tilbod som ikkje rettar seg særskild mot personar som får oppfølging frå kommunen. Alle er inviterte – det er behovet eller ynskje om fellesskap som er viktig.

Ansvarlige for arrangementet:

Inger Furnes – Frelsesarmeen

Stine Aase Myhre – teamleiar avd. Psykisk helse og Rus

Judith Kvåle – ruskonsulent

Publisert av Bente Jørgensen. Sist endra 04.11.2019 12:59
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering