Vi er klare, er du? - Opprett digital postkasse no!

Digipost - Klikk for stort bilete Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.

Vågsøy kommune er klar til å sende deg post digitalt. Målet er å auke effektiviteten i saksbehandlinga, redusere papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, og å minske kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!

 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 29.11.2017

Nokre av fordelane ved å opprette personleg, digital postkasse:

  • Det er tryggare enn all anna postgang.
  • Det er gratis å bruke.
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder.
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.

Kva treng du for å opprette ei digital postkasse?

Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil.

Korleis får du digital postkasse?

Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post.

Opprett Digipost: https://www.digipost.no/app/registrering#/

Opprett e-Boks: https://www.e-boks.com/norge/nb/ny-bruker/

 

Treng du hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål, ta kontakt med Servicetorget på telefon
57 84 50 00, eller e-post: post@vagsoy.kommune.no

Vi hjelper deg gjerne!

Alt du treng å vite om digital postkasse finn du på norge.no https://www.norge.no/nn/velg-digital-postkasse

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering